Aktuelt
Nytt biblioteksystem – Quria
Biblioteket oppgraderer til nytt (og betre) biblioteksystem – hurra! Vi går frå Mikromarc til Quria, noko som vil bety eit mykje meir funksjonelt, enklare og meir moderne system enn det systemet vi har i dag. For bibliotekjobben sin del vil dette bety sparing av tid i fleire av oppgåvene, meir saumlaus kontakt med andre bibliotek … Nytt biblioteksystem – Quria
Les meirSommaren 2025
På grunn av ferieavvkling, vil biblioteket halde stengt i juli. Siste opningsdag før somarferien vil vere torsdag 26 juni, og første opningsdag etter somarferien vil vere tysdag 5 august. Første laurdagsope blir 9 august.
Les meirAskvoll bibliotek på Facebook
Biblioteket har no fått ny Facebook side. Følg gjerne biblioteket for boktips, kva som skjer og diverse anna. På Facebook-sida vil vere eit supplement til heimesida vår, og blir det mellom anna lagt ut: Følg oss her:
Les meirTormod Haugland – i samtale med Arild Linneberg
Tormod Haugland er ein vestlandsforfattar frå Radøy. Boka «Sirenene» er ein underhaldande og drivande roman: ei fantastisk og gåtefull forteljing om tid og tradisjon, forunderlege dyr og menneske frå Radøy til Sunnfjord og Selje. Samtalen vil dreie seg om “Sirenene”, forfattarskapen hans og skildringa av liv og historie på Vestlandet. Onsdag 21 mai, 17.30 på … Tormod Haugland – i samtale med Arild Linneberg
Les meirBoktips
Digitale tenester
Veit du at biblioteket har mange digitale tenester du kan nytte heimanfrå? Du får tilgang til mykje ulikt innhald direkte på eigen pc, nettbrett eller mobil. Du kan til dømes låne e-bøker, sjå film og lese aviser og tidsskrift på mange språk. Sjekk ut dei digitale tilboda!



