Barnehagar og skular

Barnekrok

På biblioteket har vi barnekrok for dei yngste barna. Her har vi samla barnebildebøkene våre og lagt til rette for høgtlesing og småprat.

Bibliotekbesøk

Både barnehagar og skular kan, etter nærare avtale, komme gruppe- eller klassevis på bibliotekbesøk. I løpet av besøket får dei lære litt om bibliotek og blir presentert for nye bøker.

Klassesett

Dersom ein eller fleire klassar ønsker å lese same bok samtidig, kan skulen tinge klassesett frå fylket. Biblioteket kan hjelpe til med slik tinging. Klassesetta skal hentast og leverast på biblioteket.

Sommarles

Askvoll bibliotek er påmeldt Sommarles. Dette er ein nasjonal, digital lesekampanje for barn i 1.-7. klasse. Målet med kampanjen er å få barn til å lese mest mogleg gjennom ein lang sommarferie. Sommarles varer fra 1. juni til 31. august kvart år.

Biblioteket tar kontakt med barnehagar og skular når tida for Sommarles nærmar seg.

Digitale ressursar

På sida Digitale tenester ligg det fleire ressursar som kan nyttast i barnehage og skule, som t.d. Lesekroken, Lesedigg og Bærekraftbiblioteket. Ta ein kikk og sjå kva som finst.

Barn står i kø framføre skranken i biblioteket.