Digitale tenester
Biblioteket tilbyr mange digitale tenester, der du får tilgang på innhald direkte på eigen pc, nettbrett eller mobil Du kan t.d. låne e-bøker, sjå film og lese aviser og tidsskrift på mange språk. Les meir om kvart tilbod under.
Meg & mitt
På sida Meg & mitt får du oversikt over dine lån og reserveringar, og kan forlenge lån om du ønskjer det. Du finn også lånekortet i elektronisk form, og kva data som ligg inne om deg.
BookBites
Gratis lese- og lytteapp for e-bøker og e-lydbøker. Du kan laste ned appen til mobil eller nettbrett, eller lese på datamaskina di. For å kunne låne bøker i appen må du ha lånekort og pin-kode, eller bruke Feide-innlogging.
Digitaliserte aviser
Nasjonalbiblioteket digitaliserer mange aviser, men dei er ofte ikkje ope tilgjengeleg. Askvoll bibliotek har utvida tilgang, slik at du kan få lest i dei digitaliserte avisene medan du er i biblioteket. Be om brukarnamn og passord i skranken (du kan bruke ditt eige digitale utstyr i biblioteket).
Filmbib
Alle med nasjonalt lånekort kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strøymetenesta Filmbib. Du loggar deg inn med lånenummer og tilhøyrande PIN-kode. Ta kontakt med biblioteket om du manglar kort eller pinkode.
Pressreader
Her får du tilgang til meir enn 7500 aviser/tidsskrift på meir enn 60 språk. Du får tilgang via PC når du er på biblioteket sitt nettverk. Du kan også laste ned og opne appen medan du er på biblioteknettverket. Då har du fri tilgang i sju dagar, før du må innom biblioteknettverket for å aktivere igjen.
Nettbiblioteket
I nettbiblioteket finn du materiale Nasjonalbiblioteket har digitalisert og tilgjengeleggjort, m.a. mengder av bøker, tidsskrift, aviser og bilete. Noko av materialet er berre tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon, les meir under «Utvida tilgang».
Lesedigg
Med bruk av emojiar og mange andre søkefunksjonar, lar Lesedigg.no brukarane søka seg fram til bøker som passar akkurat for dei. Bøkene som ligg inne er henta frå nynorskbok.no og Framtida junior. Dei fleste titlane er dermed på nynorsk.
Lesekroken
“Velg blant eventyr på mange språk.” På Lesekroken kan du lese og høyre kjende norske folkeeventyr på 22 ulike språk. Det er også barnesongar, e-læring, ordlotto mm. Tenesta er tilrettelagt for alle, både minioritetsspråklege, tospråklege og norskspråklege. Passord: Lesegledar
Billedbokhylla
Fleire gamle og gode bokskattar er her gjort tilgjengeleg. Tenesta kan vere eit nyttig verktøy for skular, barnehagar og i heimen. Bildebøkene kan lesast på PC, nettbrett, smarttelefon eller koplast opp på smartboard/prosjektor i skulen.
Verdensbiblioteket
I Verdensbiblioteket finn du e-bøker og e-lydbøker på dei store innvandringsspråka som blir snakka i Skandinavia. Du finn bøker både for barn og vaksne. Opprett ein brukar med ei e-postadresse, så kan du logge inn for å lese og lytte, heilt gratis. Nye språk og bøker vert lagt ut fortløpande.
Bærekraftsbiblioteket
I Bærekraftbiblioteket finn du boklister med aktivitetar knytt til alle dei 17 berekraftmåla. Desse boklistene med aktivitetar kan nyttast av skular, bibliotekarar og andre som vil arrangere lesesirklar for barn og unge i alderen 6-15 år.