Slik låner du

Korleis bli lånar?

For å låne frå biblioteket må du ha lånekort. Med lånekort får du også tilgang til fleire digitale tenester.

Det er ulike typar lånekort:

Lokalt lånekort. Alle som har fylt 6 år kan få lokalt lånekort. Barn under 10 år må ha underskrift frå foreldre/føresette for å få lånekort.

Nasjonalt lånekort. For dei over 15 år kan lånekortet registrerast nasjonalt. Dette lånekortet kan nyttast i bibliotek i heile landet. Nokre digitale tenester krev nasjonalt lånekort.

Digitalt lånekort. Dette er eit fullverdig nasjonalt lånekort. Lånar utan nasjonalt lånekort frå før kan sjølv registrere seg på nb.bib.no. Du må opplyse det lokale bibliotek ditt om at du har skaffa deg nasjonalt lånekort før du kan ta i bruk biblioteket sine tenester. Det digitale lånekortet blir brukt på same måte som eit fysisk lånekort.

Finn det du vil låne

Biblioteket sin database. Her finn du bøker, tidsskrift m.m. som vi har i samlinga i biblioteket.

Loggar du deg inn på Meg & Mitt kan du sjå kva du har lånt, forlenge låna dine og reservere bøker.

I Biblioteksøk finn du bøker, lydbøker, film m.m. frå alle andre norske bibliotek. Du kan tinge materialet sjølv, eller be oss om hjelp til å gjere det. Biblioteksøk gir deg også direkte tilgang på nett til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket.

Det finst fleire gode tenester for deg som har ønske om, eller behov for, litteratur på anna språk eller som er tilrettelagt på ulike måtar. Les om korleis du kan få bøker frå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, Leser søker bok og Det flerspråklige bibliotek.

Hugs òg dei mange digitale tilboda biblioteket tilbyr.

Kvar kan eg låne?

Askvoll bibliotek er mellombels lokalisert i Bankbygget i sentrum.
Adresse: Askvollvegen 425, 6980  ASKVOLL.

Vi har dessutan Bok i butikk i Kvammen og i Bulandet (Joker). Ordninga er ubyråkratisk og basert på tillit. Kunden som vil låne bøker noterer namn og dato i ei utlånsbok. Kunden kan ha boka i fire veker før den må leverast attende til butikken. Kunden skal kunne plukke med seg nye bøker, men også bøker som er nokre år gamle. Askvoll bibliotek sørger for at bøkene i bokhylla blir skifta ut jamnleg.

Lånetid

Lånetid på bøker er 4 veker. Lånetid på tidsskrift er ei veke. Kontakt biblioteket dersom du ønskjer forlenga lånetid, eller logg deg inn på Meg & Mitt og registrer forlenginga sjølv.

Bøker/tidsskrift som ikkje vert levert attende, må du erstatte til kostpris.