Tilpassa litteratur

For dei som har ønske om eller behov for litteratur på anna språk eller som er tilrettelagt på ulike måtar, finst det fleire tilbod.

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB)

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) er eit statleg bibliotek under Kultur- og likestillingsdepartementet. NLB er for barn, ungdom, vaksne og studentar som strevar med å lese.

Alle som har vanskar med å lese trykt tekst og vanlege bøker på grunn av funksjonsnedsetting eller sjukdom, kan melde seg inn

Tilbodet er gratis og landsdekkande

Det flerspråklige bibliotek (DFB)

Det flerspråklige bibliotek (DFB) fungerar som eit støtteapparat for biblioteka, og kan tilby bestemte titlar eller bokpakkar på ulike språk.

Du kan be biblioteket ditt om hjelp til tinging av bestemte titlar frå Det flerspråklige bibliotek (DFB).

Dersom du har nasjonalt lånekort kan du tinge bestemte titlar sjølv, og få bøkene sendt til biblioteket ditt.

Leser søker bok (LSB)

Leser søker bok jobbar for at det skal finnast bøker for alle lesarar, og at tilrettelagde bøker skal vere lette å få tak i.

For å nå ut til lesarane samarbeider LSB med 360 folke- og fengselsbibliotek. Desse biblioteka blir definerte som “Bok til alle – bibliotek”, og mottar to bokpakkar i året med bøker som er støtta av LSB.

Askvoll bibliotek har vore “Bok til alle – bibliotek” sidan 2021.