To vampyrar som står ved eit epletre. Dei har lommene sinne fulle av eple.

Vampyrane i Eplehagen

Forfattar:
Anders Totland
Illustratør:
Nina Flatnes Bratbak
Lån boka

I denne barnebildeboka får vi vere med heim til bestemor og bestefar. I hagen har dei både epletre og VAMPYRAR. Bestefar er prest.  Kva skjer når presten (bestefar) serverer drikke i små sølvglas og seier at det er blod? Kva skjer når bestefar syklar heim frå kyrkja og får blodsmak i munnen i alle oppoverbakkane? Kva skjer når vampyrane trur at epla i eplehagen er blodappelsiner? Her er det mykje vi kan snakke om og undrast over.

Illustrasjonane ufarleggjer fortellinga. Vampyrane ser snille ut. Det er nesten litt synd på dei.

Eigentleg skulle fortellinga vore litt lenger – for kva skjer med bestefar når han klatrar opp i epletrea og stappar i seg dei raude epla?

Alder: 3 – 8 år

Omtalen er skriven av Linda Strand – Askvoll bibliotek