Bokomslag i djupgrøn farge. To gule blomar nede til venstre på bokomslaget som einaste illustrasjon.

pikyrande små dikt

“Pikyrande små dikt” er tittelen  Karin Jonette Ness har gjeve den første diktsamlinga si. Med få ord og i korte setningar skriv ho fram ei var og varm stemning. Dikta får meg til å undrast over livet. Kven og kva har forma meg?

Diktsamlinga fører både levd liv og kvardag inn i ein større samanheng. Mest av alt minner kanskje Karin oss på at vi bør verte flinkare til å sjå det store i det små?

Omtalen er skriven av Linda Strand, Askvoll bibliotek.

 

Kategorier: 
Boktips