Ingeborg
- Forfattar:
- Bård Nannestad
Dette er ein roman om levd liv – livet til den gamle mannen. Han minnast eigen barndom og åra han var gift med Ingeborg. Nå er han pensjonist og enkemann.
Romanen startar når den gamle mannen er seks år. Dei sit ved middagsbordet, mora og han, og ventar på at far skal kome heim frå arbeid.
Det er lensmannen som kjem til huset – ikkje far. Det har vore eit sprengingsuhell på kruttverket.
Far er død.
Romanen sluttar like tragisk som den starta. Til og med nå når når den gamle mannen er heime og heilt åleine går det galt.
Dette er først og fremst ei roman om omsorgssvikt – om korleis vanskelege oppvekstkår set varige spor og kan få alvorlige konsekvensar.
Kva styrer meg sjølve av liv og lagnad?
Kunne den gamle mannen ha staka ut ein anna kurs tidlegare i livet?
Omtale skriven av Linda Strand, Askvoll bibliotek.
- Kategorier:
- Boktips