Et dødsfall i familien
- Forfattar:
- James Agee
Rufus bur saman med lillesøster, mamma og pappa i Knoxwille i Tennesse. Året er 1915.
Rufus ventar på at pappa, Jay Follett, skal kome heim. Rufus gledar seg til å vise han den nye lua si.
Pappa kjem ikkje heim. Pappa døyr i ei trafikkulykke.
Gjennom tilbakeblikk og refleksjonar får me kjennskap til slektshistorie og konfliktar. Me forstår at livet vidare ikkje kjem til å bli lett for menneska som var knytte til Jay Follett.
Etter kvart kjem det fram at Rufus er eit barn som ikkje heilt forstår seg på dei vaksne, og at dei vaksne heller ikkje forstår seg heilt på han.
Der er fleire referansar til romanen Jude av Thomas Hardy i boka. Både Jude og Rufus er (litt) like i måten dei oppfattar, eller ikkje oppfattar verda på. Naive. Truskuldige. For gode?
Omtale skriven av Linda Strand, Askvoll bibliotek.
- Kategorier:
- Boktips