Einars bok
- Forfattar:
- Katrine Sele
Einars bok er lett å lese. Korte kapittel, korte setningar, munnleg språk. Fortellinga er likevel ekstremt tung å ta til seg. Tematikken er rett og slett grusom!
Korleis skal ein klare å ta vare på eit sjukt barn? Korleis skal ein klare å gå vidare i livet når barnet døyr?
Vi får lese om korleis ei mamma, ein pappa, søsken, besteforeldre, venner, leikekameratar og helsepersonell blir med på reisa til Einar. Og, vi får lese om korleis desse på ulikt vis tar tak i livet som trass alt må levast når Einar er borte.
Omtalen er skriven av Linda Strand, Askvoll bibliotek.
- Kategorier:
- Boktips