Der det gror Skierri
- Forfattar:
- Irene Larsen
Så vidt eg veit er Skierri det same som fjellbjørk – og fjellbjørka er treet som klarar seg lengst av trær og buskar før forholda blir for harde.
Yrja, hovudpersonen i romanen, kan på mange måtar minne om fjellbjørka. Ho klarar seg i karrig landskap, ho og – i alle fall på eit vis.
Yrja har flytta tilbake til heimlege trakter. Isak blir elskaren hennar. Dei må møtast i skjul, han er gift med Marit. Stevnemøta finn oftast stad i fjeller – i ein trafokoisk eller i det gule tomannsteltet Isak tar med.
Vi forstår etter kvart at Ylva ikkje har det bra. Sett frå utsida kan Ylva virke egoistisk og utan omtanke for andre, men truleg er åtferda hennar berre skodespel.
Yrja kjenner ei dragning mot fortellinga om italienaren som forliste med mennskapet sitt utanfor Røst i 1432. Han overlevde, og sette etter kvart kursen heim att til Italia.
Kan Yrja lære noko av det som fann stad i samband med forliset? Lære meir om seg sjølv?
Omtalen er skriven av Linda Strand, Askvoll bibliotek.
- Kategorier:
- Boktips