Biblioteket oppgraderer til nytt (og betre) biblioteksystem – hurra!
Vi går frå Mikromarc til Quria, noko som vil bety eit mykje meir funksjonelt, enklare og meir moderne system enn det systemet vi har i dag. For bibliotekjobben sin del vil dette bety sparing av tid i fleire av oppgåvene, meir saumlaus kontakt med andre bibliotek (alle fagbibliotek har eigne biblioteksystem, og ikkje alle folkebiblioek nyttar same biblioteksystem) og fleire funksjonar enn det Askvoll bibliotek har i dag.
Dette har det å seie for deg som lånar:
- Den største forandringa for deg som lånar er at etter at Quria er innført, vil det kome automatiske purringar om det du har lånt ikkje er innlevert innan lånefristen. Dette vil bli sendt ut som sms: første purring kjem 1 veke etter innleveringsfrist, andre etter 2 og tredje purring etter 3 veker. Dersom det du har lånt ikkje er innlevert etter 3 purringar, vil det bli sendt ut erstatningskrav.
- Det vil også bli lettare for biblioteket å låne bøker vi ikkje har, frå andre bibliotek. Også frå fagbibliotek. I dag er ikkje fjernlån den enklaste jobben på grunn av teknologiske kommunikasjonar mellom ulike biblioteksystem.
Overgongsfasen
Torsdag 27 november starter prosessen å flytte innhaldet (lånarar, bøker/magasiner, reservasjonar osv.) over frå Mikromarc til Quria. Om alt går etter planen skal Quria på plass og i drift i løpet av 2 desember. Desse dagane vil vi ikkje har biblioteksystem tilgjengeleg. Dette vil medføre enkelte endringar:
- Vi held ope 27 november som vanleg, men denne dagen vil lån bli notert ned på eit ark og ikkje bli registrert før Quria er på plass. Vi vil ikkje ha tilgong til å låne bøker frå andre bibliotek, eller å reservere bøker til deg. Har du bøker du lurer på om vi har, eller ønsker å bestille? Eller setje deg opp på venteliste på bøker? Då er diverre ikkje denne dagen, den rette.
- Tysdag 2 desember vil biblioteket halde stengt! Quria vil kome på plass denne dagen. Men det er også lengre oppstartsmøter, nytt system det trengst å bli kjent med.
Biblioteket ser fram til nytt biblioteksystem!
