Bankranet – påskekrim 2025

Nokon har brote seg inn i bankhvelvet og teke gullet som var oppbevart der! Kven har teke det? Kvifor? Og kvar i alle dagar har det blitt av banksjefen, Herr Gullerud?

Detektiv Andvar Askheim treng hjelp til oppklaringa! Den Vestlandske Bank, som eig gullet, har utløvd dusør til nokre som er med å hjelper til

Detektiv Andvar Askheim blir spelt av Siri Embla Risnes. Påskekrimmen er lagt opp til at alle kan vere med å løyse krimgåta, dei yngste vil nok trenge litt hjelp til å løyse hint, sjå gjennom bevismateriale og lese vitneutsegn!

Det er også laurdagsope bibliotek 10.00 – 15.00.