Korleis unngå nettsvindel?

Fredag 24. mai 2024, kl. 11.00, kjem ein representant frå Sparebanken Sogn og Fjordane og ein representant frå Politiet til Askvoll bibliotek for å informere om korleis svindlarar i nettsvindelsaker opptrer, og kva vi kan gjere for ikkje å bli svindla.

Målgruppa for arrangementet er primært aldersgruppa 60 +.

Arrangementet skjer i samarbeid med Eldrerådet i Askvoll kommune.

Møtet vil vare i ca. 1 time.

Enkel servering.

VELKOMMEN!