Irene Ahnell og Kristine Elise Kjærland
Askvoll bibliotek, tysdag 2. april kl. 18.00.
Gratis inngang.
Arrangør: Askvoll folkeakademi og Askvoll bibliotek.
Dei fleste av oss er pårørande ein eller fleire gonger i livet, og mange vert “pårørande til dei pårørande”. Kva seier ein, kva gjer ein når ein møter menneske i akutt eller langvarig krise?
Irene Ahnell og Kristine Elise Kjærland byr på eigne sterke historiar, der ein får innsyn i det å møte menneske i vanskelege situasjonar. Krydra med litt humor og inderlegheit vert dette eit nyttig føredrag med gode løysingar og von om eit meir inkluderande samfunn.
VELKOMMEN!