CHRIS TVEDT

Møt forfattaren på Askvoll bibliotek – fredag 2. februar kl. 19.00

Enkel servering – gratis inngang!

Chris Tvedt (f. 1954) er født i Bergen. Han er forfattar, advokat og har i tillegg til jus studert litteraturvitenskap ved Universitetet i Bergen.

Chris Tvedt debuterte i 2005 med kriminalromanen Rimelig tvil (forsvarsadvokat Mikael Brenne i hovudrolla) og kom med avsluttande bok i serien, På ære og samvittighet, hausten 2023 (bok 10).

I 2010 fekk Chris Tvedt Rivertonprisen for Dødens sirkel (bok 5). I 2017 vart han nominert til Rivertonprisen for Den som forvolder en annens død (bok 6). Chris Tvedt har i tillegg gitt ut tre kriminalromanar med “Kriposetterforskar” Edvard Matre i hovudrolla.

Chris Tvedt leiar for tida Det litterære Råd, som er Den Norske Forfatterforeningen sitt sakkyndige råd i litterære spørsmål, og som tar avgjerdsle om medlemskap i Den Norske Forfattarforeningen og fordeling av stipendmidlar.

Chris Tvedt er ein populær forfattar. Bøkene hans tronar øvst på utlånsstatistikken til Askvoll bibliotek i 2023. Sjølv om kriminalromanane hans byr på mykje uhygge, lovar vi deg ein kveld saman med ein særdeles hyggeleg person – han har til og med lova å synge og å spele gitar for oss.

VELKOMMEN