Magnus Helge Torvanger kjem til Askvoll bibliotek laurdag 4. mars kl. 13.00 for å fortelje og vise bilde frå den nyaste boka si Gode gamle båtreiser – Nattskipa til Bergen.
Boka kom i november 2022 og fortel om den tida då ein kunne reise med rutebåt om natta, sove ombord og vere framme i Bergen om morgonen.
Mellom nattruteskipa var Fylkesbaatane sine båtar i rute mellom Nordfjord, Dalsfjorden, Førdefjorden og Bergen. Den siste av desse båtane var Nordfjord I som gjekk i rute til hausten 1991. Askvoll var ein viktig stoppestad i desse rutene, og mange frå kommunen arbeidde ombord i båtane.
Gratis inngang. Enkel servering. VELKOMMEN!