Forfattarbesøk

Kom og høyr Anders Totland i samtale med bibliotesjef Linda om romanen hans “Til jord skal du bli” – torsdag 19. januar kl. 19.00 på Askvoll bibliotek. Gratis inngang. Enkel servering.

Anders Totland er født i 1986. Han vaks opp på Bremnes i Bømlo kommune. Nå bur han på Valen i Kvinnherad. Anders Totland har fagbrev som kokk og bachelorgrad i samfunns- og utviklingsstudium frå Høgskulen på Vestlandet. Han har vunne fleire prisar for god journalistikk i lokalavisa Sunnhordland. I 2015 debuterte han med barneboka Vampyrane i Eplehagen. Seinare har han skrive både ungdomsbøker og bøker for vaksne, gjerne fleire per år, og ofte i ulike sjangrar.

I haust kom romanen Til jord skal du bli.

Her møter vi Jacob Juul. Han er pensjonert prest, og får dagane til å gå med birøkt og spritbrenning. Som om ikkje det er nok – i løpet av kort tid blir han både drapsmann, bestefar og enkjemann, i nemnde rekkefølgje.

Det vert sagt at Anders Totland, etter å ha skrive mange alvorlege bøker, igjen skriv leikent, sjangeroverskridande, ellevilt og eksprimenterande. Det er sant. Men, er ikkje dette litt meir enn ein rein “godkjensle-roman”?